Orkanrestar treffer Bergen: Ventar opp mot 50 millimeter regn
Restane av orkanen «Isaias» kjem til Bergen og torsdag er det venta opp mot 50 millimeter regn og kraftig vind. Allereie tysdag kjem ein forsmak med stiv kuling, vindkast opp i 23 m/s og 20 millimeter regn i ettermiddagsrushet. Etter ein kort pause onsdag slår uvêret inn for fullt torsdag. – Det blir eit ordentleg drittvêr, seier statsmeteorolog Johanne Ordahl til Bergensavisen. Det er førebels ikkje sendt ut farevarsel.














